Abonnements­vilkår

Vilkåra femner om papiravisa og våre digitale produkt via datamaskin, mobiltelefon og nettbrett for deg og husstanden din. I tillegg gjeld dei for bruk av arkivet tilbake frå 1902. (Frå hausten 2016.)

E-avisa er 100% identisk med papiravisa. Nettavisa på www.sunnhordland.no er oppdatert fleire gonger til dagen.
Det er viktig å merka seg at den juridiske eigar av abonnementet er den som har teikna det. Det tyder at Brukar-ID og passord til Mediehuset Sunnhordland sine digitale produkt ikkje må delast med andre enn dei som er i abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse.

Standardtilgang er eit avgrensa tal på påloggingar. Sjå «Familieabonnement» under «Mi side».

Abonnement

Abonnementet skal betalast på forskot og gjeld til me mottek oppseiing, og uansett ut den betalte perioden.

Ved slutten av ein abonnementsperiode vert abonnementet automatisk forlenga med same lengda som den førre perioden.

Abonnementet skal betalast før forfallsdatoen på faktura. Kjem betaling for seint, gjeld den til kvar tid lovbestemte forseinkingsrenta.
Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Restbeløp vert ikkje refundert.

Ved oppseiing av abonnement med bindingstid kjem eit sluttoppgjer for den perioden du har oppnådd ein prisfordel, tilsvarande den rabatten som er gjeve på eit abonnement utan bindingstid.

Du kan velja å stansa papiravisleveringa i ein periode utan at det påverkar abonnementsprisen eller ditt digitale abonnement. Aldersgrensa for å tinga Sunnhordland er 18 år. Angrerettlova gjeld.

Prisar

Årsabonnementet eller månadstrekk med kredittkort eller avtalegiro og 12 månaders bindingstid gjev lågast pris.

Levering i Noreg er gratis. Til utlandet kjem Postens portotillegg. Ynskjer du faktura i posten, kjem det eit gebyr på kr. 35,- per faktura. Ved betaling med Avtalegiro, E-faktura eller kredittkort er det ikkje gebyr.

Avtalegiro set du opp hjå banken din eller via oss. (Sjå Kundesenter - Abonnement - Avtalegiro.) Elektroniske trekk som ikkje vert betalte innan fristen får purring med fakturagebyr i posten.

Sunnhordland har rett til når som helst å endra prisen på det løpande abonnementet. Dei nye prisane vert kunngjorde i avisa 14 dagar før utføring. Nye prisar gjeld då for alle typar abonnement frå fastsett dato.

Betaling

Ein kan kjøpa abonnement eller digital dagstilgang på www.sunnhordland.no ved å nytta bankkort/kredittkort eller ved å få tilsendt faktura. Ved kortbetaling vert betalingsavtalen automatisk fornya til du seier opp abonnementet.

Levering

I dei områda der avisa vert levert av eigen distributør, har me som mål, men garanterer ikkje, å levera papiravisa seinast kl. 07.00. For andre område gjeld leveringstidene til Posten eller andre samarbeidspartnarar.

E-avisa er tilgjengeleg dagen før kl. 23.00.
Dersom levering vert hindra av langvarige tekniske problem, streikar, lockout eller force majeure i meir enn to dagar, vert dette godgjort med tilsvarande forlenging av abonnementet.

Om årsaka til manglande tilgang er knytta til brukars eigen tilgang til internett eller problem med eige datautstyr/software, vert det inga forlenging.

Ved endring av leveringsadressa må Sunnhordland kontaktast seinast tre yrkedagar før endringa skal tre i kraft.

Rettigheitar

Som abonnent av Sunnhordland har du tilgang til alt, tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert av Sunnhordland. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkelt kopi av materialet til ditt eige bruk.

Avfotografering, nedlasting eller kopiering med sikte på gjenbruk er ikkje tillate.

Familieabonnement

Som nemt er den juridiske eigaren av abonnementet den som har teikna det.
Abonnenten kan gje digital tilgang til opptil fire andre personar i sin husstand. Administrasjon av dette gjer ein under «Mi side» på sunnhordland.no. Brukarnamn og passord til Sunnhordland sine digitale tjenester må ikkje delast med andre enn medlemmer av abonnentens husstand og opphaldsadresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på anna vis misbruker Sunnhordland sine tenester, har Sunnhordland rett til straks å stenga abonnentens tilgang til desse og å stansa avisleveringa utan refusjon.

Personopplysningar

Me handsamar personopplysningar i samsvar til norske personvernlover. Ved å akseptera desse vilkåra samtykkjer du samtidig til at Sunnhordland kan senda deg marknadsføring i form av nyhende-brev, e-post, sms eller liknande basert på kundeforholdet mellom deg og Sunnhordland. Om ein ikkje skulle ynskje å motta slik marknadsføring kan du melda frå til oss på telefon 98229141.

Endring av vilkår

Vilkåra kan verta endra, og dei til kvar tid gjeldande vert oppdatert på vår nettside. Kundesenter-Abonnementsvilkår.

Aksept av vilkår

Ved samtykke av vilkår, gjev du oss samtidig lov til å kommunisera med deg på e-post og mobiltelefon.